Historie

Den tilegaste interessa for folkedrakter fekk ein i Noreg på midten av 1700-talet. Ein byrja då å dokumentere draktene i forbindelse med kartlegging av næringsvegane innanfor bondestanden.

Folkedraktene gjekk mange stader ut av bruk på midten av 1800-talet. Men med nasjonalromantikken på 1840-tallet, vart bondekulturen sett på som verdifull, og dermed også draktene deira. Folkedraktene vart ei populær motivkjelde for kunstnarar, og etter kvart uttrykte folk også si nasjonalkjensle ved å bruke desse draktene. Slik vart folkedraktene igjen aktuelle, men i ei anna form og med eit anna innhald.
Frå midten av 1800-tallet fekk dei også nemninga ”nasjonaldrakter”. Klede frå ulike delar av Noreg blei brukt som nasjonaldrakt, men Hardangerdrakta blei spesielt populær.

Rundt 1900 kom det reaksjonar på dette. Norskdomsrørsla, som ivra for det norske og som var i mot unionen med Sverige, ville gjenskape den gamle bondekulturen som var i ferd med å forsvinne. Dette var noko anna enn romantisk svermeri - dei ville føre folkekulturen tilbake til bygdene i forbetra versjon.
 
Med Hulda Garborg i spissen blei folkedraktene eit viktig element i den kulturpolitiske kampen. Gamle folkedrakter vart tekne opp igjen, men det vart også laga nye som berre hadde element frå dei gamle folkedraktene i seg. Det er no folkedraktene vert ”bunader”: fest- og høgtidsdrakter som i større eller mindre grad er ei gjenopptaking av lokale folkedrakttradisjonar.

Fram til første verdskrig var det gjerne nyleg avlagde plagg som vart tekne i bruk som bunad, eller var bakgrunn for bunadsarbeidet. Dette skulle snart endre seg, og bunadsomgrepet vart brukt om det meste som vart laga. Det er dette som seinare har vore blitt stridens eple i bunadsoga: Om bunadane helst skal føre folkedrakttradisjonen vidare, eller om ei fritt komponert drakt er like god.
 
I dag er bunadane fest- og høgtidsplagg for folk over heile landet, som vert verdsett høgt av brukarane, uansett type og opphav.
Design Geilo Trykk & Reklame     Publisert med WideCMS 4